www.kjemometri.org/Nyheter/Sammendrag av 20. norske kjemometrisymposium
Nyheter


Faggruppe for kjemometri

|
|
|
|
|
| | | |  

Flere sider:

Symposium 2007
Sammendrag symposium 2006
Generalforsamling 2006
Årsmelding 2005
Sammendrag symposium 2005
Ref. fra generalforsamling 2004
Reisebrev fra Åland, SSC8
Ref. fra generalforsamling 2003
Sammendrag symposium 2003
Reisebrev fra Australia
Sammendrag symposiumet 2002
Ref. fra generalforsamling 2002
Årsmelding 2001
Ref. fra general- forsamlingen 2001
Årsmelding 2000
Sammendrag symposium 2001
Ref. fra general- forsamlingen 2000
Besøk i Russland

Kontakt oss:

- for å bli medlem
- for å få mer informasjon

Postadresse:

Norsk Kjemisk Selskaps Faggruppe for Kjemometri
c/o Martin Høy Matforsk Osloveien 1430 Ås


Oppdatert 06.05.2008
kjemometri [Q] kjemometri.org

 

Sanninga, litt av sanninga eller kanskje noko meir enn sanninga om då kriminelle juksemakarar heldt jubileumssymposium på Vangen nokre fine dagar i mars, 2008.

I desse dagar kan det sjåast ut som om ytringsfridom ikkje lengre er noko å hegna om. I Kina blir fjernsynsskjermar svarte på et augneblink når elden kveika i Olympia tek uønska vegar. Andre trugar teiknarar på livet. Dette samandraget vart freista førehandssensurert av ein av deltakarane på det 20. norske kjemometrisymposiet. Det kan han jo berre gløyme. Åtgaum skal han få.

Førtito fortapte sjeler var meldte på, men ein av dei gløymde tida. Ikkje med eit et akademisk kvarter, men med ei veke. For nokre symposium sida reiste ein av deltakarane omlag 130 km (luftline) i 45 gradar feil retning. Kan hende slike praktiserar Heisenberg sitt prinsipp om uvisse?

Sædvanen tro tjuvstarta det heile med eit gratis forkurs. Denne gang var emne prøvetaking. Meldinga frå Kim Esbensen var ” Thou shalt not grab sample!” Men seinare, i vinkjellaren til Park, som er særs innhaldsrik, vart det synda grovt mot formaninga. Tilgjev oss, nokon?

Faggruppa sine æresmedlemmar vart særskilt bydde inn til å tale om sine sjølvvalde favorittemne. Dei innleia kvar sine sesjonar. Harald Martens tala om fleirvariabel kalibrering, og tok for seg mellom anna ulike moglege årsaker til den treige utbreiinga av han. Då let han vere å vise ein likning sju meter lang. Han tala og om ei uforlikeleg motsetnad innan det å løyse opp heilskapen av blandingar. Han bad oss og om å ”skyte hol i meg om egn dummar meg ut offentleg” og dei små såra er vel grodd no. Tormod Næs greia ut om uklår klyngjeanalyse og korleis gjere bruk av han i vitskap og industri. Uklåre klyngjer er dei tilhøva der det ikkje er eit svart/kvitt forhold til medlemskap i ein og berre ein klyngje. Litt uklårt vart gjennomgangen av metoden når eit av likningsledda ikkje var høgd opp i andre potens. Olav Kvalheim hadde mykje på hjartet men nytta tida dårleg. Frå ryggmergsprøvar og massespektra let det seg enkelt og påliteleg gjere å finna biomarkørar for multippel sklerose. Han tala og om klimamodellering. Til dei som måtte lure; Har du 18 lysark igjen etter å ha gått 5 minutt over oppsett tid, gje deg.

Lars Gidskehaug svara på eit av dei to mest stilte spørsmåla kring laks. Kvifor er laksen rosa?, og kvifor hoppar han? Variasjonar i farge skyldast mest opptak i tarmane og pigmentspesifikke reseptorar. Legg du fersk fisk i ei bøtte i 6 månader kallast det rakefisk når du et ho, om alt har gått som planlagd. Det er sikkert eit resultat av naud og svolt i eldre tidar, no kulturmat frå Valdres. Ragnar Nortvedt har funne at om variasjonen i temperaturen er lita under mogning, hemmast bakterieveksten mest. Toril Haugland hadde kopla kjemometri og geografiske informasjonssystem saman på ei lettfatteleg vis. Av di borna dine et jord på leikeplassen og den inneheld tungmetall og ugreie organiske sambindingar. Me laut ikkje eta jord, me åt kulturmat frå Voss til kvelds (les smalahove hjå Løne), med kulturdrykk attåt (les vossabrygg med garanti på kneråte og eit slagsmål på literen).

I år var det ikkje snjobaserte fellesaktivitetar. Det syntest mange var keisamt. Nokre friskusar var i fjellet. I fleire høve vart nestleiar i faggruppa observert i det han prøva spontant å transformera rørsleenergien sin til brokk og sprengd milt, nett so salige Zapfe.

Solve Sæbø freista å leia oss mot ein optimal framskriving frå komponentar som kjem saka ved, hjelpen av Bayes estimator og Markovkjeda Monte Carloalgoritmar. ” Eg forstår ikkje koss, og eg forstår ikkje kvifor” sa han, og mange var einige. Ein annan vri på korleis DMK kan endrast for t.d. gje ein felles algoritme som fungerar optimalt både for klassifikasjons- og regresjonsproblem vart vist av Ulf Indahl. Grunngjevinga vart beskriven med eit bilete med følgjeorda ”trekk ut ein DMK komponent av det uhyret der”.

I-linja instrumentet APIS Spektron vart presentert av Terje Karstang. Det er særs kompakt og nær sjølvgåande, med smak av honning? (Apis (lat.), slekta honningbie) Etter å sett på fjernsyn laga Bjørn Alsberg eit hyperspektralt kamera som bringer fram løyndomar i ein overflate. Kameraet projiserer eit kjemisk bilete på objektet som bilete kjem frå, i sanntid. Ei flott måte å sjekke oppvasken for smalahoverestar på.

”Det var som utgjort” eller nokon liknande kraftutrykk tenkte nok Valerie Lengard då ein levande demonstrasjon av effektiv organisering av tal og modellar ikkje gjekk etter oppskrifta. Oppskrifta på auka lagringstid for laks er superkjøling i følgje Silje Ottestad. Kjølinga kan kontrollerast ved å nytte nærinfraraud spektroskopi utan å vere nær fisken. Grisen treng heller ikkje takast i med det elektriske apparatet for nærinfraraud og synleg spektroskopi for å fortelje kor feit han er, i fylgje Martin Høy. Så enkelt er det ikkje med Ramanspektroskopi av intakte musklar av til dømes oksekjøt sa Nils Afseth.

Så feita me oss på festmat sidan det var jubileumsfeiring. Nokon i kulturfestklede, medan andre var kledde som italienske lommetjuvar.

I ein stutt morgonsesjon fekk me innføring i varierande samansetting av feittsyrar hjå sild og makrell frå eit folkehelseperspektiv av Patricia Apablaza. Nils Olav Skeie presenterte korleis målingar frå fleire sensorar vert sette saman til å fortelje mykje meir enn dei einskilde sensorane kan. Kim Esbensen fekk æra av å stengje ballet. Han stengde med begge sine favorittemne; Prøvetaking og vin, prøvetakinga for å karakterisera innhausta vindruer.

På generalforsamlinga blei Kristin Tøndel vald til faggruppas fyrste kvinnelege leiar. Symposiet til neste år blir nok avhalden som ein del det 11. skandinaviske kjemometrisymposium som skal ta stad i Loen.

 Helsing Egil